Herøy kommune
For deg som er ukjend på Sunnmøre er Herøy ein kystkommune som består av fleire øyar, m.a. fugleøya Runde, alle bundne saman av bruer. Stadthavet er nabo i sør, og Rundabranden er eit landmerke i nord. Vel 8000 menneske bur i Herøy som har eit aktivt næringsliv prega av offshore, fiskeri og maritim/teknologisk verksemd. Kommunesenteret Fosnavåg fekk bystatus i juni 2000.

IMG_3066

Populære kulturpris-vinnarar
I ordføraren sitt fråver var det varaordførar Tor Sindre Steinsvik som hadde æra av å dele ut Kulturprisen 2012 i Herøy kyrkje søndag kveld. Varaordføraren trong ikkje lese så veldig mange linene frå grunngjevinga før dei aller fleste skjøna kven vinnarane var. Herøy Kunstlag fyller 35 år i 2012. Det er likevel ikkje laget som får prisen, men derimot dei to eldsjelene Asbjørg Håberg og Ragnhild Riise. Heilt sidan starten har duoen vore ei viktig drivkraft bak nybrottsarbeidet med å skape eit levande kunstmiljø i Herøy og ein arena for å få synleggjort dei lokale kunstnarane.

PageLines- kulturprisen.jpg

Kulturprisvinnarane Ragnhild Riise og Asbjørg Håberg, flankert av f.v. kulturleiar Andreas Kvalsund, banksjef Per Ronald Knutsen frå Sparebanken Møre og varaordførar Tor Sindre Steinsvik.
Foto: Vestlandsnytt

Beskjedne som alltid, gjorde ikkje dei to prisvinnarane for mykje ut av seg sjølve då dei tok imot utmerkinga. I staden nytta dei høvet til å takke alle andre som har bidrege innanfor kunstlaget gjennom 35 år. – Og så vil vi ikkje minst få takke alle som har kome på utstillingane våre gjennom desse åra, sa damene til rungande applaus frå salen.
Omtale: Vestlandsnytt, tysdag 11. desember 2012