UTSTILLARAR
Vi har gjerne 3 – 4 utstillingar i året. Omlag 130 utstillingar har Herøy Kunstlag , åleine eller i samarbeid med andre, hatt gjennom sine 38 år, med både brukskunst og ulike former for bildande kunst.
Det er vanlegvis gratis inngong på utstillingane våre, men publikum kan ta lodd i eit kunstlotteri. Alle utstillingar får førehandsomtale og annonse i lokalavisa Vestlandsnytt, og ein journalist er til stades opningsdagen og intervjuar kunstnaren for omtale av utstillinga i avisa.
HERØY KUNSTLAG -JULEUTSTILLING MED LOKALT PREG
Herøy Kunstlag ynskjer å invitere kunstnarar og andre kreative utøvarar med lokal tilknyting til å vere deltakarar ved vår salsutstilling rett før jul. Vi veit at mange har sakna denne utstillinga, og allereie gler seg til å sjå kva spennande som vert utstilt denne gongen. Vi har valt temaet LYS for denne utstillinga, noko vi håper gir rom for mange ulike uttrykk. Vi har valt å ikkje ta med foto denne gongen, men elles er alle uttrykk og teknikkar velkomne. Vi håper at både barn, ungdom og vaksne som likar å uttrykkje seg kreativt, vil vere med. Vi veit at det finst mange kreative sjeler som ikkje har vist fram noko av sine arbeid før, og håper at mange no hiv seg rundt og melder seg på. Påmeldingsfrist er fredag 16.oktober. Send e-post til lime69@tussa.com »
Teikninga er laga av Birk Sævik, motivet er vår viktigaste lyskjelde sola.
Roy A. Dahl, Langevåg, måleri
Tove Stavem Reite, Volda, måleri
Ørnulf Opdahl, Godøy, grafikk
Ingunn Dahlin, Trondheim, keramisk kunst
Ola Une Ferstad Liland, Geiranger, akvarell, kol, mixed media/computerkunst
Kjell Idar Saure, Ørsta, måleri
Maler & grafiker Eldar Parr, Hellesylt, grafikk, måleri
Jacob Heltne, Volda, måleri
Hilde Bergfjord Brunvoll, Molde, måleri
Nils Taklo, Sæbø, måleri
Mathis Nango, Volda, måleri
Adam Hearn, London, grafikk
Anne Marit Varpen, Volda, måleri
Inger Havåg, Eiksund, måleri
Marit Myklebust, Narvik, silketrykk