Herøy Kunstlag
Herøy Kunstlag er eit kulturtilbod til alle i Herøy som er glad i å oppleve bildande kunst. Herøy Kunstlag vart skipa i 1977, og eit av føremåla i § 1 var «å gi Herøy det beste av all god kunst ved stadig å vere kritisk nyorienterande innanfor alle kunstretningar». Gjennom dei 38 åra laget har arbeidd til no er det presentert utstillingar med kjende norske og utanlandske kunstnarar og våre mange lokale kunstnarar.

Utstillingar i Herøy Kunstlag
Kunstinteressa er stor i Herøy. I lovene for kunstlaget heiter det: «Laget si oppgåve er å vekkje og fremje sansen for biletkunst og kultur i Herøy».
Ser vi på det som blir presentert av lokale kunstnarar på juleutstillingane våre, har kvalitet og breidde i uttrykksform og teknikk vore jamt aukande.

Vi har inntil hausten 2012 hatt vårt faste galleri og utstillingane på Herøy kulturhus, men held no utstillingar 3 – 4 gonger i året i Waage-huset som ligg i Fosnavåg sentrum.